(NPK-NTB): Nesten åtte av ti hushald her i landet eig sin eigen bustad, og nesten halvparten bur i einebustad, viser tal frå SSB. Blant folk med lågare inntekt er det vanlegare å leige.
I alt bur 4,2 millionar i eigd bustad her i landet. Det svarer til 83 prosent av befolkninga. Det vanlegaste er å vere sjølveigar, men det er store geografiske variasjonar, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Målt i talet på private hushald, som det er nesten 2,3 millionar av i Noreg, bur 77 prosent i eigen bustad, medan 23 prosent leiger. Blant åleinemødrer og åleinefedrar med små barn under fem år er det flest som leiger. Delen leigarar blant åleinebuande (utan barn) er nesten like stor som dei som eig bustad. Éin av fire som bur i Oslo leiger bustaden sin.
63 prosent av alle hushalda er sjølveigarar, medan 14 prosent er andels- eller aksjeeigarar.
Ifølgje tala frå SSB bur 11 prosent av hushalda, rundt 540.000 personar, i tronge bustader. Nesten eitt av fire barn under fem år bur trongt.
Å bu trongt er først og fremst eit byfenomen. I Oslo bur 22 prosent av innbyggjarane i bustader som er definert som tronge, medan i byar som Bergen, Trondheim og Tromsø er delen på rundt 15 prosent. (©NPK)

Publisert: 29.09.2016 13:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44