(NPK-NTB): I 2024 vart det meldt 341.500 lovbrot her i landet. Det er 4,1 prosent fleire enn året før. 29.500 vart melde for bedrageri, det høgaste talet nokosinne.
– Medan dei yngre i tidlegare år har vore mest utsette for bedrageri, ser vi no at det er eldre som er aller mest utsette, fortel Siri Fossanger, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.
Under pandemien var det totale omfanget av melde lovbrot på sitt lågaste sidan tusenårsskiftet. Sidan då har fleire av lovbrotsgruppene normalisert seg til eit høgare nivå, men talet på bedrageri er også 40 prosent høgare enn det siste normalåret før pandemien i 2019.
Auken i valds- og mishandlingslovbrot held fram i 2024 frå året før. I alt 39.100 ulike personar vart registrerte som offer for desse lovbrota. Det svarer til 7,0 offer per 1000 innbyggjarar – opp frå 6,7 per 1000 innbyggjarar i 2023.
– Den tydelegaste trenden innan valds- og mishandlingslovbrota ser vi likevel for omsynslaus åtferd og personforfølging, der det har vorte langt fleire melde tilfelle dei siste sju åra, seier Fossanger.
Lovbrotsgruppene med størst auke frå året før i 2024 er eigedomstjuveri, opp 5 prosent, vald og mishandling, opp 6 prosent, ordens- og integritetskrenking opp 7 prosent, og andre vinningslovbrot opp 12 prosent.
(©NPK)
Publisert: 26.05.2025 09:13
Sist oppdatert: 26.05.2025 09:13





