Kort fortalt

Analytikar: Laksefesten er over

Børsverdi ned 20 milliardar på ein månad.

10.11.2017
NPK: Trass i gode resultat har verdien av dei børsnoterte oppdrettsselskapa falle med nesten 20 milliardar kroner den siste månaden. Sjømatindeksen på Oslo Børs har sokke med om lag ni prosent.
– Laksefesten er definitivt over, seier sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea til Dagens Næringsliv.
– 2017 representerer toppen for innteninga i selskapa. No er vi på toppen, og i aksjemarknaden tenkjer folk kanskje at dette er så godt som det kan bli, og så sel dei seg ut, seier Ødegård.
Eksportprisane på laks er òg på veg nedover og var førre veke for første gong i år under 50 kroner kiloen.
Sjømatanalytikar Knut Ivar Bakke i Danske Bank Markets er ikkje einig med Giskeødegård, og trur marknaden kjem til å ta seg opp igjen nærmare jul.
– For vår del trur vi på gode lakseprisar også neste år. Det er berre ein stor produksjonsauke som kan øydeleggje laksemarknaden, og det kan vi ikkje sjå konturane av, seier Bakken til avisa.

Publisert: 10.11.2017 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41