Kjetil Gillesvik Iniativ Vest foto Marius
ÅLESUND: Kjetil Gillesvik i Initiativ Vest utfordra verkelegheitsbilde til politikarane som avgjere skjebnen til Stad skipstunnel da det blei kalla inn til kunnskapsmøte om samferdselsprosjektet i Ålesund.
Nytt

Snudde Norgeskartet på hovudet

– Vegen til Europa går ikkje over Svinesund, påpeika Kjetil Gillesvik då Stad Skipstunnel stod på dagsorden.

Marius Rosbach
02.02.2026

Måndag var det kalla inn til eit kunnskapsmøte om Stad skipstunnel ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. 

Målet til arrangørane er å auke kunnskapsnivået hos politikarane som snart skal ta avgjerda samferdselsprosjektet skal realiserast, eller ikkje.

Kjetil Gillesvik i Initiativ Vest starta sitt innlegg med å snu Norgeskartet på hovudet, for å understreke betydninga av kysten på Vestlandet. 

– Vegen til Europa går ikkje over Svinesund. Den viktigaste vegen er havet, påpeika han. 

Det handlar ikkje om aust mot vest om nokon skulle tru det, men kva som er best for landet på sikt
Kjetil Gillesvik

– Best for landet på sikt
Gillesvik understreka at det blir skapt enorme verdiar på Vestlandet. Anslag viser at det maritime og marine næringane mellom Florø og Ålesund for kring 90 milliardar kroner. Han viste også til at verdas nest største flåte er norsk. 

– Dette er avgjerande for at Norge er det velstandssamfunnet vi ser i dag, sa han. 

Gillesvik meiner Stad skipstunnel er eit godt døme på korleis ein kan la pengane bli att der verdiane blir skapt, i staden for å til eksempel investere i jernbane på Austlandet .

– Det handlar ikkje om aust mot vest om nokon skulle tru det, men kva som er best for landet på sikt, la han til. 

Heidi Nakken steinmasser skipstunnel foto Marius
NYE TAL: Heidi Nakken som leiar Næringsforeninga i Ålesund fortalde om ringverknadene frå bruk av steinmassane frå Stad skipstunnel. Nye tal i fjor viste at verdiane for massane var kring to milliardar – kring tre gonger meir enn ved førre vurdering. Foto: Marius Rosbach

Peika på store kostnader ved ulukker
Seansen måndag blei innleia med at publikum fekk oppleve ein simulert motorstopp for eit lasteskip utanfor Stad. Den viste tydeleg kor små marginar som kan avgjere skilnaden på ei nesten-ulukke, og ein større katastrofe. 

Tidlegare leiar av Hurtigbåtforbundet Ottar J. Aare understreka at Stad skipstunnel i første rekke handla om å betre tryggleiken til sjøs. 

– Om du synes sikkerheit er dyrt, så prøv ei ulukke, sa han. 

Han viste til at forlis og havari er svært kostbart og får enorme konsekvensar. Eit døme er forliset for fregatten Helge Ingstad, som fekk ei sluttrekning på mellom 12 og 14 milliardar.

Nesten-ulukke med hurtigruteskip
Eit anna nesten-ulukke som ofte blir trekt fram i diskusjonen om Stad Skipstunnel, er hurtigruteskipet Midtnatsol som i 2003 fekk motorstopp utanfor Stad i liten storm med 160 personar om bord. 

Aare påpeika at kapteinen var nær ved å sende alle om bord i livbåtane.

– Om det hadde blitt gjort, viser anslag at kring 75 prosent ville omkome, sa han. 

Den erfarne sjømannen understreka at trass i nye digitale hjelpemiddel, er det framleis ikkje tilgjengeleg gode målingar for bølgjer eller straumforhold som kan hjelpe folk til sjøs forbi Stad. 

– Og sjølv i godt ver kan ein få stygge overraskingar på Stad, la han til. 

Publisert: 02.02.2026 12:20

Sist oppdatert: 02.02.2026 12:20

Mer om