Kort fortalt

Analytikar ventar riggdød i Nordsjøen

Spår forferdelege tider.

22.06.2016
(NPK-NTB): Riggarbeidsløysa i oljebransjen vil fortsette å stige, og mange av riggane som blir ledige kjem truleg ikkje tilbake, trur Nordea Markets.
– Det kjem til å bli heilt forferdeleg i Nordsjøen dei neste par åra. Vi trur at etterspørselen vil falle slik at betydeleg fleire riggar blir ledige, seier oljeserviceanalytikar Janne Kvernland i Nordea Markets til Finansavisen.
I tillegg til suspensjonar og kanselleringar, går fleire riggar ut av eksisterande kontraktar.
Ifølgje rapporten frå Nordea vil 13 flytande boreriggar ha fullført sine kontraktar på norsk sokkel før nyttår, og fleire av dei eldste riggane får kanskje aldri boreoppdrag igjen.
– Å reaktivere ein rigg som er 30 år gammal er meir risikofylt enn med ein som er 10 år gammal, og vi ventar massiv riggdød i Nordsjøen.
I norsk sektor er meir enn 40 prosent av dei flytande boreriggane over 20 år, og på britisk side er det 90 prosent. Kvernland anslår at 14 av riggane på norsk sokkel er skrapingskandidatar. (©NPK)New article

Publisert: 22.06.2016 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45