(NPK-NTB): Mattilsynet har meldt oppdrettsselskapa Måsøval og Lerøy Midt til politiet for alvorleg manglande fiskevelferd. Omfattande lakselusangrep har ført til skader på ei stor mengd fisk i anlegga.
Politimeldingane blei leverte i oktober, men blei først gjort kjent av Mattilsynet tysdag.
– Dette er av dei mest alvorlege sakene vi har hatt i samanhengen mellom lakselus og fiskevelferd, seier regiondirektør Bjørn Røthe Knutsen i .
Dagleg leiar Asle Rønning i Måsøval Fiskeoppdrett seier til at det er tragisk og sterkt beklageleg at fisk har blitt utsett for lidingar hos dei.
– Sjølv om situasjonen ved Fjølværet var svært krevjande og ekstraordinær er dette ikkje slik vi vil drive verksemda vår, seier Rønning.
Administrerande direktør Henning Beltestad i Lerøy Seafood skriv i ei tekstmelding til avisa at selskapet vil svare Mattilsynet innanfor dei fristane som er gitt. «Vi er av den oppfatning at svaret til selskapet vil korrigere det inntrykket som no er skapt rundt operasjonen til Lerøy Midt.», skriv Beltestad. (©NPK)

Publisert: 16.11.2016 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43