NPK-NTB: Arbeidarpartiet vil halda fram samtalane med SV og MDG for å prøva å sikra eit fleirtal for statsbudsjettet for 2026.
Det seier finanspolitisk talsperson for Ap, Tuva Moflag, under Politisk kvarter i NRK måndag morgon. Laurdag braut SV og MDG ut av forhandlingane med Ap. Det var spesielt usemje knytt til klima og rundt oljefondet som førte til brotet.
Arbeidarpartiet er avhengig av støtta frå dei to partia for å få fleirtal om eit budsjett.
– Me er nøydde til å jobba vidare for å sikra fleirtal for dette budsjettet på fredag. Derfor kjem me til å ha samtalar med SV og MDG, men me har levert ei innstilling som me meiner at gir eit godt budsjett for landet i 2026, seier Moflag til NRK.
Ho avviser at det kan kallast kaos på raudgrøn side.
– Nei, det vil eg ikkje seia. Me har hatt gode samtalar over fleire veker, seier Moflag.
Publisert: 01.12.2025 09:13
Sist oppdatert: 01.12.2025 09:13





