Kort fortalt

Ap og Sp nær reint fleirtal

Men SV mest fram på ny måling.

11.08.2021

Berre fem mandat skil Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå reint fleirtal på Stortinget, viser ei ny meiningsmåling frå Opinion.

Augustmålinga, som er gjort av Opinion for FriFagbevegelse , Dagsavisen og Avisenes Nyhetsbyrå (ANB), viser at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ikkje er langt unna å få draumeregjeringa si beståande av Sp og Ap.

I målinga aukar Sp oppslutninga si til 19,2 prosent (+0,6 prosentpoeng) og pustar dermed Ap i nakken. Det skil berre 3,4 prosentpoeng til Aps oppslutning på 22,6 prosent (-1,7).

– Det er interessant at Ap og Sp nærmar seg kvarandre, men spriket er større viss vi tek utgangspunkt i snittet på målingane. Blir dette valresultatet, vil det likevel setje Sp i ein sterk posisjon i regjeringsforhandlingane, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning, til Fri Fagbevegelse.

På målinga er det SV som har størst framgang. SV-leiar Audun Lysbakken kan smile over ei oppslutning på 8,8 prosent, som er ei forbetring på 2,7 prosentpoeng frå målinga i juni.

På borgarleg side får Høgre 22,1 prosent (-1,6), medan regjeringspartnar Venstre ligg på 3,8 prosent (+1,5).

MDG får ein tilbakegang på 1,2 prosentpoeng til 3,5, men målinga er gjord før FNs klimarapport vart lagt fram denne veka.

For resten av partia ser målinga slik ut: Frp 9,3 (-1,1), KrF 4,0 (+0,3), Raudt 3,8 (-0,9), Andre 3,8 (+1,4).

Undersøkinga er gjennomført mellom 3. og 8. august blant 964 personar. Feilmarginen varierer mellom 1 og 3 prosentpoeng.

Publisert: 11.08.2021 21:02

Sist oppdatert: 11.08.2021 21:03