Kort fortalt

- Ap/Sp driv politisk sjølvskading

NHO-topp hardt ut mot regjeringa.

16.01.2023

NHO-topp Stein Lier-Hansen ristar på hovudet av politikken til dei to regjeringspartia, og trur at både Ap og Sp kan bli utradert slik dei held på.

Lier-Hansen har sjølv ei fortid som statssekretær for Ap, men er no administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norsk Industri.

– Eg skjønar ikkje korleis dei tenkjer. Det er snart ikkje nokon som vil ha med dei to partia å gjere. Vi kan ikkje leve med dette i to år. Det er sjølvskading som kan vere starten på at Ap og Sp blir fullstendig utraderte. Og stresset i dei to partia kan bli så stort, at dei ikkje klarer å halde saman til stortingsvalet, seier han til Aftenposten.

Frå årsskiftet har regjeringa satsa på at leverandørane skal konkurrere og tilby gunstige fastprisavtalar. Lier-Hansen meiner at avtalane ikkje er gode nok og peikar også på at regjeringa har to kraftkriser å jobbe med, som begge må haldast skilde.

På den eine sida ei akutt krise med høge straumprisar som vil vere over om to år, og på den andre sida ei langsiktig kraftkrise som handlar om korleis ein kan auke produksjonen av elektrisk kraft i Noreg på ein klimavennleg måte.

– Regjeringa driv med politisk sjølvskading. Vi risikerer at viktige delar av norsk industri flyttar til utlandet eller går over ende, seier han til avisa.

Publisert: 16.01.2023 08:07

Sist oppdatert: 16.01.2023 08:09

Mer om