NPK-NTB: Arbeidarpartiet legg fram eit forslag om å stille strengare miljøkrav i anbodet på kystruta Bergen-Kirkenes i åra 2021 til 2030.
Ap ber regjeringa legge til grunn strenge miljøkrav i samband med anbodet for kystruta Bergen-Kirkenes 2021-2030, og at miljøvektinga i anbodet blir sett til 30 prosent om det er mogleg innanfor regelverket.
Samtidig vil Ap ha Stortinget med på å be regjeringa seinast i vårsesjonen 2018 å legge fram ein handlingsplan for etablering av landstraum i dei største hamnene. Ap krev også ein eigen plan for etablering av landstraum i dei hamnene der kystruta går.
Ap viser til at Stortinget tidlegare har bedt regjeringa innføre krav om minimum 30 prosent miljøvekting ved alle offentlege anbod, der det er relevant, men at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ikkje har følgt opp i anbodet han har sendt ut for kystruta frå 2021–2030.
Avtalen i dag inneheld ingen miljøkrav, men frå 2021 vil det komme krav om reduserte CO₂-utslepp på om lag 25 prosent. Det kjem også krav om utsleppsfrie landstraumanlegg, ifølgje .
Også SV og Miljøpartiet Dei Grøne har reagert på at miljøkrava ikkje har vore strengare i anbodet.

Publisert: 23.11.2017 11:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40