Kort fortalt

Aqua Nor avventar

I tvil om ein kan ha fysisk messe.

NPK
19.05.2021

Arrangøren av Aqua Nor-messa i Trondheim 24. – 27. august har enno ikkje avgjort om det blir arrangement i Trondheim Spektrum eller om messa blir heildigital.

–Det kjem nye retningsliner frå regjeringa i løpet av denne veka. Styret ventar derfor å ta ei endeleg avgjerd om Aqua Nor 2021 kan gjennomføre den fysiske delen av messa i august, heiter det i ei pressemelding.

Det er også utvida frist til 31. mai med å avbestille bestilte hotellrom utan at det kjem til å koste noko, blir det opplyst.

Publisert: 19.05.2021 07:03

Sist oppdatert: 19.05.2021 07:04

Mer om