Kort fortalt

Arbeidsløysa ned til 4,0 prosent

Det var 110.000 arbeidsledige i september. 

22.11.2017
NPK-NTB: Det er 4,0 prosent av arbeidsstyrken og ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå juni, ifølgje sesongjusterte tal.
Ifølgje Arbeidskraftundersøkinga (AKU) frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vart det 8.000 færre ledige i september. Nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med utviklinga i arbeidsløysa sidan april.
Tala for september (som er gjennomsnittet for perioden august til oktober) viser dessutan at talet på registrerte arbeidsledige og ordinære tiltaksdeltakarar hos Nav gjekk ned med 4.000 personar frå juni.
Ifølgje AKU-talet steig det sesongjusterte talet på arbeidstakarar med 12.000 personar frå juni til september. Også dette er innanfor feilmarginen.

Publisert: 22.11.2017 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40