Kort fortalt

Arbeidsløysa på staden kvil

4,1 prosent utan arbeid.

21.02.2018
NPK-NTB: 4,1 prosent av arbeidsstyrken her i landet var utan arbeid i november, ifølgje SSB. Det er opp 0,1 prosentpoeng frå september.
Det er likevel same del ledige som i august, og også uendra frå AKU-arbeidsløysa som vart presentert i januar.
Ifølgje sesongjusterte tal frå SSBs arbeidskraftundersøking (AKU) var det 113.000 arbeidsledige i desember (snitt november-januar). Frå september (snitt august – oktober) gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp med 2.000 personar, men dette er klart innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsløysa har falle frå toppen på 4,9 prosent sommaren 2016 til det lågaste nivået sidan januar 2015. AKU-tala svingar noko frå månad til månad, men trenden er at dei går nedover.

Publisert: 21.02.2018 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39