Kort fortalt

Arbeidsløysa stabil på 4 prosent

111.000 arbeidsledige i oktober i fjor.

03.01.2018
NPK-NTB: Det er 4,0 prosent av arbeidsstyrken og ein nedgang på 0,1 prosentpoeng sidan juli, viser sesongjusterte tal.
Arbeidsløysa er den same som månaden før, viser tala frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
I oktober var det 3.000 færre ledige enn i september. Nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med utviklinga i arbeidsløysa sidan april.
Tala for oktober (som er gjennomsnittet for perioden august til oktober) viser dessutan at talet på registrerte arbeidsledige og ordinære tiltaksdeltakarar hos Nav gjekk ned med 4.000 personar frå juli.
Ifølgje AKU-talet steig det sesongjusterte talet på arbeidstakarar med 6.000 personar frå juli til oktober. Også dette er innanfor feilmarginen.
Det siste året har arbeidsløysa gått ned med 21.000 personar, frå 4,8 prosent i oktober 2016 til 4,0 prosent i oktober 2017.
SSBs AKU-tal er eitt av to sett som blir brukte for å måle arbeidsløysa i Noreg. Navs oversikt er den andre. Mens SSB baserer seg på ei kvartalsvis intervjuundersøking, tel Nav talet på registrerte ledige hos dei ein gong i månaden.
SSBs tal er normalt sett høgare enn Navs, ettersom Nav ikkje fangar opp personar som søkjer arbeid utan å registrere seg for arbeidsløysetrygd.

Publisert: 03.01.2018 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40