Kort fortalt

Arbeidsministeren vil gi permitterte dagpengar

Arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) ber Nav om å endre praksisen, slik at permitterte får dagpengar.

27.01.2014
(NPK-NTB): Ministeren meiner Nav har hatt feil praksis, som ikkje er i tråd med avtalen NHO og LO inngjekk i fjor.
Eriksson møtte dei to hovudorganisasjonane om saka måndag. Etter møtet gav Eriksson beskjed om at han vil sende eit brev til Nav med presisering av forskrifta, slik at Nav ikkje skal overprøve avtalar som er inngåtte mellom arbeidsgivar og arbeidstakar lokalt.

Publisert: 27.01.2014 20:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22