Kort fortalt

Arctic Bioscience-opptur etter melding

Er i gong med internasjonal studie.

Marius Rosbach
29.02.2024

Arctic Bioscience-aksjen fauk opp torsdag, etter at selskapet dagen i forvegen melde at dei var i gong med ein stor internasjonal studie.

Det dreiar seg om ei medisinsk undersøking der 519 pasientar deltar for å teste eit potensielt legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis. No skal pasientane få behandling i seks månader framover, går det fram av børsmeldinga.

Aksjen hadde ein oppgang midt på dagen kring 9,5 prosent – nest mest på Oslo børs på det tidspunktet. Det skjedde vel å merke etter berre nokre få handlar. Kursen låg då kring 10,40 kroner som prisar selskapet til drygt 263 millionar kroner.

Middelet som Arctic Bioscience har utvikla, er basert på silderogn. Målet er å få det godkjent som legemiddel. Middelet må gjennom to større og internasjonale studiar på vegen fram mot å bli godkjent som legemiddel, og dette er den første av desse.

Publisert: 29.02.2024 12:28

Sist oppdatert: 29.02.2024 12:28

Mer om