Kort fortalt

Aspaker uroa over kjemikaliebruk i oppdrett

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) seier ho er svært uroa over den omfattande bruken av kjemikaliar mot lakselus i norske oppdrettsanlegg.

14.10.2015
(NPK-NTB): Venstre tok opp lakselus-situasjonen med fiskeriministeren under spontanspørjetimen onsdag.
– Vi opplever at lakselus er ei svært stor utfordring for havbruksnæringa og for miljøet, og at næringa har ein urovekkjande stor kjemikaliebruk for å bli kvitt lakselusa, uttalte stortingsrepresentant Pål Farstad frå Venstre.
Farstad peikte på at kjemikaliebruken no truar både villfisken og rekebestanden i område det er det er mykje lakseoppdrett.
Aspaker svarte at ho deler bekymringa, og at kjemikaliebruken er urovekkjande høg.– Det blir no jobba med å finne alternative metodar. Næringa må komme bort frå bruk av kjemikaliar i kampen mot lakselus. All vidare vekst for havbruksnæringa må basere seg på at ho kan utvikle seg utan at det går utover miljøet rundt, fastslo ho.
Ho peikte samtidig på at det er mindre lakselus i år enn tidlegare år, bortsett frå i Nord-Trøndelag og på Møre, der ho kalla situasjonen svært alvorleg. (©NPK)

Publisert: 14.10.2015 14:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50