(NPK-NTB): Ho varslar at tildelingsordninga står for fall. Fiskeriministeren møtte tysdag havbruksnæringa på Hell i Nord-Trøndelag og lovde der at regjeringa skal leggje til rette for vekst i næringa, skriv Adresseavisen.
– Viss ein legg til rette for berbar vekst, så kan det bli lov å søkje når som helst og ikkje berre kvart tredje år, seier Aspaker.
Ho meiner at ordninga med tildeling av oppdrettsløyve etter varierande kriterium lever på lånt tid.
Tildelingsrunden som er i gang no, er den første sidan 2009.
– Vi må lære av erfaringane våre, og vi meiner at vi må finne meir objektive kriterium, som gjer veksten meir føreseieleg, seier Aspaker.
Tidlegare fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) meiner etterfølgjaren hennar er på feil veg. Ho trur ei fjerning av ordninga kjem til å føre til ujamn produksjonsvekst og ustabile prisar.
– Langs heile kysten er det eit stort potensial for å produsere meir fisk, også innanfor berekraftige rammer. Ein jamn vekst må vere å føretrekkje framfor å sleppe dette laus, seier ho til avisa. (©NPK) innenriks.vaktsjef@ntb.no

Publisert: 22.01.2014 11:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22