Kort fortalt

Auka etterspurnad av aluminium

Grøn bilindustri godt nytt for smelteverka.

29.12.2015
(NPK): Ein bilindustri som tenkjer grønt, skaper etterspurnad etter rein aluminium frå norske smelteverk.
Aluminiumsindustrien i Sogn merkar at bilindustrien er inne i eit grønt skifte. Strengare krav til vekt og utslepp gjer aluminium laga av fornybar energi til ei ettertrakta vare, skriv .
Bilprodusentane vil ha råvarer som er produserte med minst mogleg utslepp av CO2. Det er særleg karosseri i aluminium dei er på jakt etter.
– Marknaden veks enormt raskt, etterspurnaden er nærmast umetteleg. Det er vidareforedlingskapasiteten nede i Europa som avgrensar kor mykje vi kan levere der, seier verkssjef ved Hydro i Årdal Egil Fredriksen.
Prisen på aluminium er for tida svært låg på verdsmarknaden. Men ein gunstig kronekurs og stor etterspurnad frå europeisk bilindustri er med å sikre marginane til Hydros anlegg i Årdal og Høyanger. (©NPK)

Publisert: 29.12.2015 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49