Kort fortalt

Auka konfliktnivå heime

Ikkje alle taklar koronakrisa like godt.

06.04.2020
NPK-NTB: Mange familiar slit heime under koronakrisa, ifølgje Røde Kors. Ein av tre opplever høgare konfliktnivå, stress eller negativ stemning, ifølgje ei undersøking.
– Denne undersøkinga stadfestar det inntrykket vi allereie har gjennom samtalar med særleg barn og unge i heile Noreg. Mange klarer seg fint, men nokon har veldig tunge dagar no. Som samfunn må vi gjere alt vi kan for å sikre dei, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors.
Opinion har gjennomført undersøkinga på oppdrag for Røde Kors. Over 1.000 personar med barn under 18 år har vorte spurde om korleis heimesituasjonen er når barna ikkje lenger går på skule og i barnehage.
31 prosent svarar at dei opplever høgare konfliktnivå, medan 39 prosent svarar at læringssituasjonen ikkje er akseptabel for barna. Like mange svarar òg at dei opplever at dei ikkje strekk til med å hjelpe til i heimeundervisninga.
Fleire unge har dessutan teke kontakt med hjelpetelefonen til Røde Kors den siste tida og fortel om foreldre som drikk, om krangel heime og om emosjonell omsorgssvikt. På grunn av større pågang held hjelpelinja ope kvar dag også i påskeveka.
– Det er viktig at helsestyresmaktene òg kjenner til utfordringane mange slit med no, seier Apeland.
Røde Kors ønskjer å bidra med å finne løysingar for familiane som slit mest, dersom skular og barnehagar framleis skal halde stengt.
(©NPK)

Publisert: 06.04.2020 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28