Kort fortalt

Auka laksesal trass i luseoppslag

Negativ publisitet hindrar ikkje salet.

06.12.2016
(NPK): Den krasse kritikken mot oppdrettsnæringa verkar ikkje å ha gjort oppdrettslaksen mindre populær blant forbrukarane.
Både bileta frå Mattilsynet som synte laks med store, opne sår og NRK Brennpunkt-dokumentaren om ulovleg dumping av kjemikaliar har vekt oppsikt i haust. Men den negative publisiteten har ikkje dempa salet av oppdrettslaks, skriv .
Verken Rema 1000, Coop eller Kiwi har merka seg ein nedgang i salet denne hausten. Tvert imot opplyser Kiwi at dei har hatt ein liten auke i november i år samanlikna med same månad i fjor, medan laksesalet hjå Coop har auka med 36 prosent i oktober og november i år, i forhold til same periode i fjor.
Lise Kleveland i Dyrevernalliansen seier ho ikkje er overraska over tala, men at oppdrettsbransjen har ei utfordring når det gjeld dyrevelferd.
– Vi veit frå før at det må svært alvorlege skandalar til før det går ut over salet. Bransjen treng nok ikkje vere uroa på kort sikt, men på lang sikt vil utfordringane i bransjen påverke omdømmet til fisken, meiner Kleveland. (©NPK)

Publisert: 06.12.2016 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43