(NPK-NTB): Regjeringa vil bruke 542,4 milliardar oljekroner i revidert nasjonalbudsjett. Det er innanfor handlingsregelen og er 2,7 prosent av verdien av oljefondet.
Det blir vist til at situasjonen i verdsøkonomien har endra seg stort sidan i haust, med auka tollsatsar og spenningar i handelen med USA.
– Uvissa er stor, og risikoen for eit økonomisk tilbakeslag i verdsøkonomien har auka, heiter det i pressemeldinga.
I tillegg til handelskonflikt skaper også ein ny tryggingspolitisk røyndom uvisse.
– Då er det ekstra viktig med trygg styring og ein ansvarleg økonomisk politikk, slår regjeringa fast.
I statsbudsjettet for 2025 vart det sett av 460,1 milliardar oljekroner.
Publisert: 15.05.2025 08:36
Sist oppdatert: 15.05.2025 08:36





