Kort fortalt

Auke i fangst av villaks

Fisket etter villaks aukar.

20.11.2015
(NPK-NTB): I årets ordinære sesong vart det fiska i underkant av 237 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Det er 10 prosent meir enn i fjor, ifølgje nye tal.
Fangsten fordelte seg på 233 tonn laks og 4 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,1 kilo, mot 3,6 kilo året før, viser nye tal frå (SSB). 20 prosent av laksen vog under 3 kilo, 59 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 21 prosent var storlaks over 7 kilo.
I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, vart det fiska 90 tonn laks i fjordane, noko som er ein nedgang på 25 prosent frå året før. Fangsten utgjorde 38 prosent av den totale laksefangsten i sjøen i Noreg.
Det var ein auke i dei fleste andre fylke, og størst auke var det i trøndelagsfylka.
SSBs statistikk inkluderer også fangst av rømt oppdrettsfisk. Frå 5. august til 28. februar vart det fiska 67 tonn, som er 62 tonn meir enn sesongen før. Gjennomsnittsvekta for laksen var 6,1 kilo. (©NPK)

Publisert: 20.11.2015 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50