Kongshaugen Renseanlegg Illustrasjon Bla fjorder 11
MILLIARDINVESTERING: Anlegget som skal sikre lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune er ei milliardinvestering. Illustrasjon: Blå fjordar
Kort fortalt

Aurstad sikra Sula-jobb

Startar opp milliardprosjekt.

Marius Rosbach
03.05.2024

Ørsta-selskapet Austad Tunnel er tildelt første kontrakt med Blå fjordar-prosjektet, som står for bygginga av nytt reinseanlegg på Kongshaugen i Sula, ifølgje ei pressemelding.

Oppdraget gjeld fortau langs Kongshaugstranda og klargjering av tomta til administrasjonsbygget ved reinseanlegget.

– Vi har fått eit godt gjennomarbeidd tilbod av høg kvalitet og trur at det vil bli følgd opp i av ein flink entreprenør i det vidare arbeidet. Prisen ligg også godt under det som var budsjettert, uttaler prosjektleiar Terje Endresen i Blå fjordar i meldinga.

Verdien på oppdraget er på kring 27-28 millionar kroner, opplyser administrerande direktør Jo Stian Tverberg til Nett No.

Arbeidet startar før sommaren og vil halde fram til vinteren 2024/2025. Nyleg blei det også opplyst at sjølve byggestarten for milliardanlegget på Kongshaugen, blir markert 15. mai.

Publisert: 03.05.2024 18:42

Sist oppdatert: 03.05.2024 18:42

Mer om