Håpar på løysing for «byggestopp» til sommaren
Sula-ordførar optimistisk til å få godkjent mellombels løysing.
Under Eiendomsdagen 2024 fekk deltakarane høyre korleis det går med å få på plass ei godkjend avløypsløysing for Sula kommune.
Ålesund har hatt byggestopp i delar av kommunen sidan i fjor vår, medan det same i praksis har vore tilfelle i Sula sidan starten av 2023. Årsaka er at reinseløysingane i kommunane per no ikkje gode nok.
Håpar på grønt lys til sommaren
Kort fortalt håpar no ordførar Turid Humlen at dei får på plass ei mellombels løysing til sommaren.
Det er avhengig av at statsforvaltaren blir ferdig med si saksbehandling av utsleppsløyve for ein overgangsperiode – og gir grønt lys. I løpet av kort tid reknar Sula med å ha sendt inn all dokumentasjonen som trengst til dette.
– No jobbar vi på spreng, forsikra Humlen.
Får ikkje godkjent nye bygg
Sula-ordføraren la ikkje skjul på at det opplevast som kritisk for kommunen, som ikkje kan godkjenne nye byggeplanar inntil situasjonen er løyst.
– Vi har ikkje byggestopp – men om ein skal få eit byggeløyve, må ein først ha utsleppsløyve. Og eit vanleg utsleppsløyve, er ikkje mogleg å få, fortalde ho.
Eit alternativ for nokre, kan vere å få godkjent nye bygg med tett tank, men i praksis er dette ikkje noko god løysing for dei fleste fordi desse må tømmast ofte.
Nytt anlegg skal stå klart i 2028
Heilt sidan 2016 har det vore einigheit om at Sula og Ålesund skal bygge eit felles reinseanlegg. Det har likevel vore ein lang veg fram til ei endeleg avgjerd, som kom i fjor.
Under torsdagens arrangement fekk tilhøyrarane ei orientering om planane med å bygge eit nytt reinseanlegg på Kongshaugen i Sula. I løpet av 2024 skal detaljprosjekteringa vere ferdig og sjølve byggearbeida tek til mot slutten av 2025.
Grunnarbeidet på byggetomta startar i slutten av mai og planen er at eit nytt anlegg skal stå klart i 2028.
Publisert: 14.03.2024 17:42
Sist oppdatert: 15.03.2024 09:42