Kort fortalt

Austevoll Seafood sel seg ned i Lerøy

Austevoll Seafood sel fem prosent av aksjane.

18.03.2016
(NPK): Etter salet av aksjar til ein verdi av 976,3 millionar kroner eig selskapet no 57,5 prosent av Lerøy, skriv .
Det er familien Møgster som gjennom selskapet Laco er majoritetseigar i Austevoll Seafood.
– Frå tid til anna ønskjer vi å kunne betale ut større utbytte til eigarane våre, forklarer styreleiar Helge Singelstad i Austevoll Seafood, som òg er administrerande direktør i Laco, til avisa.
Laco er elles tungt inne i offshore-bransjen gjennom reiarlaget Dof, som til liks med resten av bransjen har tøffe tider. Men kva Laco skal bruke pengane på, vil han ikkje seie så mykje konkret om.
– Det er aksjonærane som avgjer. Det eg kan seie, er at Laco vil halde fram med å investere og underbyggje sin eigen filosofi om å vere ein aktiv industriell eigar i sykliske næringar, og da må ein vere på hogget, seier han.
Singelstad seier nedsalet ikkje berre handlar om utbytte, men òg om å stimulere verdiutviklinga for Lerøy-aksjen.
– Det er ingen som har meir tru på Lerøy enn oss. Vi har eit ønske om å eige og utvikle dette vidare, seier Singelstad. (©NPK)

Publisert: 18.03.2016 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47