Kort fortalt

Autopass-saka rett til fylkestinget

Frank Sve ville ikkje behandle saka i fylkesutvalet.

Marius Rosbach
26.11.2019
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal sender saka om innføring av Autopass-regulativet rett til fylkestinget i desember
Det kom fram ved starten av fylkesutvalet sitt møte tysdag etter forslag frå Frank Sve (Frp). Han påpeika at saka blei utsett av fylkestinget og difor burde gå tilbake dit for behandling.
Anders Riise (H) sa seg samd og det same gjorde Per Vidar Kjølmoen (Ap) etter eit kort gruppemøte.
Det betyr at Autopass-saka ikkje blir behandla i tysdagens møte.
Tysdagens møte i fylkesutvalet blir strømma direkte på heimesidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.
(ekstern lenke)
(ekstern lenke)

Publisert: 26.11.2019 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31