(NPK-NTB): Undersøkingar frå avisbransjen viser at laurdagsavisa ikkje har dukka opp hjå opptil ein firedel av abonnentane etter at Kvikkas tok over distribusjonen. No vil avisene seie opp avtalen.
Onsdag var representantar for bransjen igjen i krisemøte med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), skriv . Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram tal som bransjen meiner dokumenterer at Kvikkas ikkje leverer på langt nær så mange aviser som selskapet hevdar sjølv.
Seks aviser har gjennomført SMS-undersøkingar blant abonnentane, og desse viser at 13 til 24 prosent av abonnentane – det vil seie mellom kvar åttande og kvar fjerde – ikkje fekk avisa laurdag 10. desember. Amedias distribusjonsdirektør Arne Sletholt meiner undersøkinga gir eit rett bilde av situasjonen.
– Vi plukka ut aviser som vi visste har opplevd problem. Men vi kunne like gjerne ha plukka ut andre som er endå meir berørt, seier Sletholt. Han meiner Kvikkas ikkje har oppfylt avtalen og håpar han blir sagt opp.
– Men vi er førebels ikkje blitt førespegla at det er ei aktuell løysing frå departementet.
Kvikkas seier dei for to veker sidan leverte 98 prosent av avisene i Sør-Noreg og 100 prosent i nord. Selskapet er bedt om å levere inn sine

Publisert: 22.12.2016 08:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43