Kort fortalt

Avlyser Fosnavågkonferansen

Korona set stoppar for konferansen.

16.04.2020
- Vi var godt i gang med planlegginga og såg fram til å by inn til den tradisjonelle Fosnavåg-konferansen 11. juni på Thon Hotel Fosnavåg. Dessverre vart det ikkje slik, seier næringslivssjef Merethe Hjertø Flusund, i ei pressmelding torsdag.
Det blir vist til at på grunn av koronasituasjonen og smittetiltaka er slike arrangement forbodne fram til 15. juni og styret måtte difor i styremøte denne veka, ta stilling til om konferansen skulle utsetjast til seinare i år, eller avlysast.
Styret har fatta følgjandde vedtak:
Styret avlyser Fosnavågkonferansen 2020 basert på gjeldande retningslinjer frå myndigheitene, som forbyr større arrangement fram til 15. juni. Styret finn det ikkje naturleg å utsetje konferansen til hausten sidan det er uvisst om restriksjonane vil verte utvida, og på grunn av vanskane mange av bedriftene er i, etter langvarig inntektssvikt, permitteringar og oppsigelsar.

Publisert: 16.04.2020 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28