I fjor avvikla Sunnmøre Sport Holding butikken i Stryn og den eine av to butikkar i Ørsta. No blir også butikken i kjøpesenteret Spinneriet i Volda sentrum avvikla, medan butikken ved Høgskulen i Volda skal drivast vidare.
– Butikken vår på Spinneriet vil bli avvikla i løpet av nokre månadar. Grunnen til at vi ventar, er at vi framleis har mykje varer att, seier styreleiar Frode Hofseth til avisa Møre-Nytt.
I fjor selde Sunnmøre Sport Holding også Intersportbutikken i Breivika i Ålesund.
Sunnmøre Sport Holding, med hovudkontor i Ulsteinvik, spring ut av eit samarbeid mellom fleire sportsbutikkar på søre Sunnmøre. Selskapet har gradvis vakse til fleire butikkar også i Ålesund, Stryn og Sykkylven.
Etter sal i Ålesund og nedlegging i Stryn og ein butikk i Ørsta og ein i Volda består Sunnmøre Sport Holding i dag av Intersport Moa i Ålesund, B.S. Aure Sport i Sykkylven (50 prosent eigd), Intersport Ulsteinvik og Sport 1 Ulsteinvik, Intersport Ørsta og Intersport Volda
Butikken som skal leggast ned er ein del av Sport 1-kjeda. Både Sport 1 og Intersport-kjeda er i sin tur eigd av Sport Holding. Sport Holding har to medeigarar som begge er frå Nordvestlandet, Bjørn Rune Gjelsten og Olav Nils Sunde.
Publisert: 20.01.2026 11:06
Sist oppdatert: 20.01.2026 11:17






