Viktor Rongve Frode Hofset foto privat Grunde
AVTALE: Selskapet bak Intersport-kjelda, Sport Holding, tok intitiativet til det som blei ein handel mellom Viktor Rongve (t.v.) i B. Rongve og Frode Hofseth i Sunnmøre Sport Holding der Intersport Breivika skifta eigar. Foto: Privat/Grunde Grimstad
Nytt

Kjapt sal av Intersport i Breivika

Familieeigde Rongve hadde noko Sunnmøre Sport Holding mangla. Difor skifta butikken eigar.

25.11.2025

Skulle Sunnmøre Sport Holding halde fram med Intersport-butikken i Breivika i Ålesund, måtte selskapet vinne innpass i klubbmarknaden for drakter og utstyr til idrettslag på nordre Sunnmøre. Det seier medeigar og dagleg leiar Frode Hofseth i Sunnmøre Sport Holding til Nett No.

I den marknaden er B. Rongve den dominerande aktøren. Då spørsmålet om eit sal til B. Rongve vart tema i haust tok det ikkje så lang tid før eigarskiftet var eit faktum.

Intersport-eigarane tok initiativet
Initiativet til handelen kom frå selskapet bak Intersport-kjeda, Sport Holding, ifølgje Frode Hofseth. 

Sport Holding har to medeigarar som begge er frå Nordvestlandet, Bjørn Rune Gjelsten og Olav Nils Sunde.

Partane vil ikkje gå ut med prisen, men begge seier butikken hadde større verdi for kjøpar, enn seljar. Årsaka er grunnlaget for drifta som Rongve har i klubbmarknaden på Nordre Sunnmøre.

 

Utgjorde halve inntekta
B. Rongve hadde 25 millionar kroner i driftsinntekter i 2024. Av dette utgjorde klubbmarknaden omlag 12 millionar kroner, ifølgje dagleg leiar Viktor Rongve.

I tillegg til å bli base for sal til klubbmarknaden, skal butikken i Breivika også bli ein fullsortiments sportsbutikk. Det er eit comeback i den delen av sportsbransjen, ni år etter at selskapet sist dreiv i slike butikkar, i Ålesund og på Moa.

– Vi var ein av de største Intersport-butikkene i regionen, no er vi endeleg tilbake, sa Rongve til Sunnmørsposten tidlegare i november. 

«Eit viktig bidrag»
Sunnmøre Sport Holding, med hovudkontor i Ulsteinvik, spring ut av eit samarbeid mellom fleire sportsbutikkar på søre Sunnmøre. Dei har gradvis vekse til fleire butikkar også i Ålesund, Stryn og Sykkylven.

Frode Hofseth seier det er vanskeleg å skille ut og talfeste kva som er det samla sal til klubbmarknaden for butikkane til Sunnmøre Sport Holding. 

Det utgjer like fullt «eit viktig bidrag med tanke på trafikk og sal», for dei butikkane som satsar på klubbmarknaden.

Kjede krympar i år 
I år vil imidlertid talet på butikkar i Sunnmøre Sport Holding-konsernet krympe frå 10 til 7.

Sport Stryn, har gått i minus i ti av dei siste 12 åra. Dei svake resultat er årsaka til at butikken blir avvikla når leigekontrakten går ut ved årsskiftet.

Tidlegare i år var også ein av to butikkar i Ørsta lagt ned. Butikken på gateplan i Ørsta sentrum vart tømt og stengt, medan butikken i kjøpesenteret Alti like ved driv vidare. Når kjøpesenteret er ferdig utvida skal Sunnmøre Sport Holding få både større plass og lettare tilkomst enn kva butikken i senteret har no. 

Etter sal i Ålesund og nedlegging i Stryn og ein butikk i Ørsta består Sunnmøre Sport Holding i dag av Intersport Moa i Ålesund, B.S. Aure Sport i Sykkylven (50 prosent eigd), Intersport Ulsteinvik og Sport 1 Ulsteinvik, Intersport Ørsta, Intersport Volda og Sport 1 Volda. 

Publisert: 25.11.2025 10:44

Sist oppdatert: 25.11.2025 12:57

Mer om