NPK-NTB: Ein norsk bank slår alarm etter at fleire kundar har blitt lurt for store summar i ein omfattande bitcoin-svindel.
– Vi har seks konkrete tilfelle der kundar av oss har meldt at dei er svindla for fleire hundre tusen kroner. Av erfaring betyr det at mange fleire er utsett, seier informasjonsdirektør i Sparebank 1 SR-Bank Thor Christian Haugland til .
Svindlarar ringjer frå sveitsiske eller tyske nummer og ber norske bankkundar investere i bitcoin. Kundane får så beskjed om at kryptovalutaen tar av, og at den vesle investeringa har stige så mykje i verdi at ei ny investering er gunstig. Svindlarane ber om tilgang til nettbanken til kundane, og tømmer til slutt kontoane for pengar.
– Dette er svindlarar som kjenner norsk banksystem svært godt. Dei veit om BankID og straksoverføringar vi har i norske bankar, seier Haugland.
1. januar 2017 var prisen på ein bitcoin drygt 926 dollar. No, nesten eitt år seinare, er prisen over 13.000 dollar, kryptovalutaen er eit heitt spekulasjonsobjekt i finansverda, og media er fulle av historier om folk som har tent millionar på å investere.
– Dette utnyttar no svindlarar, seier Haugland.

Publisert: 27.12.2017 11:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40