Om lag eitt år etter oppstarten av det som i dag heiter Nordover Kapital, har Halvor Viste Berg og Maja Zhang Olsen møtt ein rekke selskap dei vurderer for oppkjøp.
Duoen frå høvesvis Ulsteinvik og Tromsø har gitt avkall på faste jobbar og starta i staden sitt eige investeringsselskap. Målet er å kjøpe eitt selskap og sjølv gå inn i leiinga for å utvikle det vidare over tid.
– Vi har møtt veldig mange selskap, og no byrjar vi å snevre oss inn mot dei selskapa vi vil prioritere, seier Berg til Nett No.

Investerer gjerne på Sunnmøre
Tysdag var Berg på heimebane i Ulsteinvik for å fortelje om satsinga under Leverandørkonferansen.
Nordover Kapital er eit sokalla søkefond, der gründarane reiser kapital frå fleire investorar for å kjøpe ei etablert verksemd. No har dei sikra seg investorar som er villige til å gå inn med fleire hundre millionar.
Fondet har mandat til å investere i heile Norden, men han legg ikkje skjul på at Sunnmøre er ekstra interessant.
– Det hadde vore gøy å få til noko på Sunnmøre, seier han.

– Målet er å skape vekst
Den siste tida har duoen reist rundt og møtt selskap i fleire delar av landet. Dei nytta også sjansen til å møte selskap på Sunnmøre under besøket tysdag.
Olsen fortel at dei i utgangspunktet ser etter etter selskap med driftsresultat frå rundt ti millionar kroner og oppover.
Ho understrekar at strategien ikkje handlar om raske gevinstar eller kostnadskutt.
– Målet er ikkje å kjøpe eit selskap og kutte kostnader. Målet er å skape vekst, seier Olsen.
Målet er ikkje å kjøpe eit selskap og kutte kostnader. Målet er å skape vekst

Interessa større enn venta
Duoen ser for seg å eige selskapet lengre enn det som er typisk for til eksempel private equity-fond. Perspektivet er sju til ti år – eller lenger.
– Mange som har gjort dette internasjonalt har enda opp med å eige selskapa veldig lenge, legg ho til.
Etter eitt år i marknaden meiner duoen at interessa for modellen har vore større enn dei venta.
– Vi lurte veldig på i starten om eigarane faktisk såg forskjellen på oss og andre kjøparar. Der har vi blitt positivt overraska, seier Olsen.
– Vi skal vere lokale eigarar
Mange selskap fortel om stor pågang frå friarar frå utlandet. Ein del veljer også å selje – men ikkje alle vil selje til kven som helst.
Berg fortel at mange eigarar er opptekne av å ta vare den lokale tilknytninga også etter eit sal.
– Det er ikkje alle som ønskjer å selje til eit svensk, tysk eller amerikansk fond dersom det betyr at identiteten til selskapet forsvinn, seier Berg.
– Vi skal ikkje vere eit fond som sit i London. Vi skal vere lokale eigarar som jobbar saman med dei tilsette for å utvikle selskapet vidare, legg han til.
Publisert: 12.05.2026 16:38
Sist oppdatert: 12.05.2026 22:07






