Sjøfartsdirektoratet har snudd og vil likevel gi Fjord 1 løyve til å trafikkere Geiranger-Hellesylt med to ferjer som går på diesel i heile 2026-sesonger.
Opphavleg fekk Fjord 1 berre unntak frå nullutsleppskravet ut juni, men klaga og fekk medhald.
Vestlandske Trafikkselskap, som har to ferjer under ombygging til batteridrift kjem til å klage på vedtaket Sjøfartsdirektoratet har gjort seier kommersiell leiar Linn Runa S. Kvalvåg til Nett No.
Les også
Vridd konkurransesituasjon
Kvalvåg seier Vestlandske Trafikkselskap lojalt har fulgt opp det politiske vedtaket om at ferjer og mindre fartøy på Geirangerfjorden frå og med ikkje skal sleppe ut CO2.
Ho opplever at Sjøfartsdirektoratet har skapt ein vridd konkurransesituasjon, der Vestlandske Trafikkselskap har gjort ei investering for å innfri kravet, medan konkurrenten slepp.
Unntak ut juni
Vestlandske Trafikkselskap har fått unntak frå nullutsleppskravet ut juni. I løpet av den månaden reknar selskapet med å ha på plass dei ombygde ferjene med batteri på plass.
Det ei investering på omlag 250 millionar kroner. I tillegg kjem investeringar i ladeanlegg på omlag 100 millionar kroner.
Fjord 1 har fått vernestatus på sine ferjer. Fjord 1 ønskjer at selskapet sine to ferjer på fjorden skal få varig unntak frå nullutsleppkravet også i åra framover, på grunn av vernestatusen.
Publisert: 12.05.2026 13:30
Sist oppdatert: 12.05.2026 13:32






