Kjapp boersnotering av Artec Aqua
SELDE: Artec Aqua-gründerane (innfelt) f.v. Bjørnar Flem, Victor Fiveland og Bjørn Finnøy fekk 690 millionar fordelt 50/50 i aksjar og kontantar for selskapet då dei selde til Endúr i 2021.
Nytt

Dobling på Endúr-aksjar

Artec Aqua-grunleggarane har Endür-aksjar for 762 millionar kroner.

13.05.2026

Då Artec Aqua-gründerane Bjørnar Flem, Victor Fiveland og Bjørn Finnøy i Ålesund selde selskapet til det børsnoterte ingeniør- og industriselskapet Endúr i januar 2021 var Endúr-kursen rundt 60 kroner. Før børsen opna i dag er den 118,80 kroner, etter ein oppgang på 30,98 prosent hittil i år.

Artec Aqua er spesialist på å teikne og prosjektere bygging av landbaserte oppdrettsanlegg.

Flem, Fiveland og Finn fekk Endúr-aksjar for 345 millionar og like mykje i kontantar for selskapet då dei selde til Endúr i 2021. Etter nedsal og kapitalutvidingar er dei tre framleis største eigar i Endúr, men er eigarandelen deira reduserte frå 28,4 til 12,52 prosent. Kursauken gjer at den aksjeposten no er verdt 762 millionar kroner. 

Over dobling
Kvartalsrapporten for første kvartal, som Endúr legg fram i dag viser meir enn ei dobling av inntektene samanlikna med første kvartal i fjor. 

Konsernet har auka inntekten mellom anna ved oppkjøp, og varsla så seint som i dag at det har kjøpt Enviro Entreprenør med 85 millionar kroner i driftsinntekt i fjor og fjellsikringsselskapet Wimo med 120 millionar kroner. 

"Konsernet leverte ein sterk start på 2026, med framleis vekst i både inntekter og driftsresultat samanlikna med same periode i fjor. Kvartalet var prega av sesongmessig betra lønsemd i alle infrastruktureiningane, supplert av stabile bidrag frå Aquaculture Solutions og vidare gjennomføring av konsernet sin vekst- og oppkjøpsstrategi.", skriv Endúr i kvartalsrapporten. 

Lakseskatt-smell
Då regjeringa varsla innføring av grunnrenteskatt på oppdrett sette oppdrettselskap investeringar på vent. Det fekk Artec Aqua også merke. Samstundes som Endúr vaks i andre deler av verksemda krympa akvakulturmarknaden, men er no på veg opp igjen.

Forretningsområdet Aquaculture Solutions - som omfatter det samanslåtte selskapet Artec Aqua Vaq - auka inntektene i første kvartal i fjor samanlikna med første kvartal i år.

"Aquaculture Solutions rapporterte høgare aktivitetsnivå samanlikna med same kvartal i fjor, med inntekter på 277,3 millionar kroner i første kvartal 2026 (første kvartal 2025: 178,3 millionar kroner). Auken var hovudsakleg driven av pågåande byggjeaktivitetar knytte til Salmon Evolution fase 2 og Sævareid-prosjektet, kombinert med framleis solide bidrag frå produksjon av fôrflåtar.", heiter det i kvartalrapporten,

Artec Aqua Vaq i Ålesund vann tidlegare i år oppdraget om å vere totalleverandør for prosjektering, bygging og igangkøyring av første byggesteg av eit landbaserte lakseoppdrettanlegget ved Tjeldbergodden i Aure kommune på Nordmøre. Det betyr i første omgang å planlegg og rekne på kostnadane, før det blir tatt ei avgjer om å sette i gang. Bløir det tommelen opp kan de bli eit like stort oppdrag for Artec Aqua Vaq som Salmon Evolution-utbygginga har vore og er for selskapet.

Det er selskapet Salfjord som som skal ha anlegget ved Tjeldbergodden, som fullt utbygd skal kunne produserer 36.500 tonn sløyd laks i året. Det er like mykje som Salmon Evolution i Indre Harøy på Romsdalskysten kan produsere når tredje byggetrinn der er ferdig. 

Endúr ASA  
1. kvartal. I mill. kroner20262025
Driftsinntekt1744,7836,1
Driftsresultat54,922,2
Resultat før skatt 43,9-14,8

Publisert: 13.05.2026 07:36

Sist oppdatert: 13.05.2026 08:04

Mer om