(NPK): Toppsjefen i Sparebanken Vest meiner at kortbetaling må gjerast obligatorisk og kontantar valfritt.
– I Noreg bør vi vere kontantfrie innan 2025. Det er ikkje veldig ambisiøst ein gong, seier Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest til .
I dag er alle bedrifter lovpliktige til å ta imot kontantar som betaling, medan kortbetaling er valfritt. Det meiner Kjerpeseth bør vere stikk motsett. No spør banksjefen etter ei utgreiing frå regjeringshald om Noreg skal vere kontantfritt innan ti år.
– I eit land der statsministeren pratar om omstilling og vi treng å bli meir produktive, så er dette lågthengande frukt, meiner Kjerpeseth.
Finansdepartementet er førebels avventande til å setje i gang ei slik utgreiing. Til E24.no seier departementet at kontantar stadig har ein viss plass i samfunnet. (©NPK)

Publisert: 08.07.2016 15:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45