Kort fortalt

Banksvindel på SMS lurer fleire kundar

Ein ny svindelmetode for å lure folk til å avsløre bankdetaljar og passord lurer fleire kundar enn normalt.

30.09.2015
(NPK-NTB): No brukar svindlarane SMS.
Handelsbanken har oppdaga den nye metoden og er uroa, skriv . Svindelforsøket går ut på at folk får ein SMS som ser ut til å vere frå banken, som ber dei ringe eit nummer. I den andre enden ventar ein svarar med beskjeden: «Velkommen til Handelsbanken. Tast inn brukarnamn og passord for å unngå at kontoen blir sperra».
Sjølv om fleire har latt seg lure, skal ingen ha tapt pengar.
– Vi klarte å stoppe svindelen, og svindlarane har ikkje klart å få ei einaste krone ut av verken kunde eller bank, seier kommunikasjonsrådgjevar Jonas Sverrisson Rasch i Handelsbanken.
Han ber folk vere skeptiske når dei blir bedt om å gi frå seg sensitiv informasjon.
– Det er viktig for oss å understreke at vi aldri ber kundar gi frå seg informasjon på e-post, sms eller via telefon. Det er viktig å vere skeptisk til lenker som fører til stadar som ber deg om informasjon, seier Rasch. Tipset hans er å alltid logge seg på nettbanken på vanleg måte, ikkje via ei lenke. (©NPK)

Publisert: 30.09.2015 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50