Kort fortalt

Batteri frå havvind

Statoil skal lagre straum frå havvind.

21.03.2016
(NPK): I samarbeid med leverandørar og universitet i Skottland skal Statoil prøve ut ei ny løysing for batterilagring av kraft frå havvind.
Målet med det nye samarbeidet er å gjere det meir attraktivt å byggje ut vindmøller til havs, skriv .
I dag er det ikkje mogleg å lagre store mengder straum frå sol- og vindkraft, noko som gjer at det er dyrt å investere i havvind. Dersom Statoil lukkast i å utvikle batteri som kan lagre noko av straumen slik at han også kan bli levert når det ikkje bles, kan dette gjere produksjonen meir effektiv og lønnsam.
Det nye prosjektet har fått namnet Batwind, og skal blir prøvd ut i pilotparken til Statoil som ligg utanfor kysten av Peterhead i Aberdeenshire, Skottland. Pilotparken, Hywind, er under utbygging og inneheld fem flytande vindmøller. Produksjonen skal etter planen starte seint i 2017.
Statoil skal installere eit 1 MWh pilotsystem basert på Litium-batterilagring i slutten av 2018. Dette svarar til ein lagringskapasitet til meir enn 2 millionar iPhone-mobiltelefonar, ifølgje Statoil. (©NPK)

Publisert: 21.03.2016 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47