Kort fortalt

Bekymra for helikopterkapasiteten

- Ikkje forsvarleg, meiner Kystvakta.

28.12.2017
NPK-NTB: Kystvakta meiner beredskapen i Barentshavet ikkje er forsvarleg per i dag fordi dei har for få flytimar med helikopter.
– Per i dag har vi ikkje tilgjengeleg flytid. Både vedlikehald og tid til kompetansebevaring et opp tilgjengeleg flytid, det er rett og slett mangel på timar for å kunne utnytte helikoptera operativt, seier kommandørkaptein Morten Nyheim Jørgensen i Kystvakta til .
Kystvakta har opplevd stadige forseinkingar og berre eitt av dei nye NH90-helikoptera i drift. «Det har heller ikkje i 2017 vore mogleg å etablere ein operativ helikopterkapasitet på Kystvaktfartøya», skriv dei i årsoppsummeringa for 2017.
– Dette inneber at dei som ferdast på havet ikkje kan rekne med at Kystvaktfartøya har helikopter som er operative om bord, seier Jørgensen, som håpar situasjonen betrar seg.
Kystvaktsentralen fekk 63.000 meldingar i 2017, og Kystvakta har vore sett inn i 151 søk- og redningsaksjonar og gjennomført 64 slep.
Manglande helikopterkapasitet går utover kontrollen med fiskefartøya, som er spreidde over eit stadig større område. Utan helikopter kan ikkje Kystvakta sette kontrollørar om bord på båtane.

Publisert: 28.12.2017 17:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40