Kort fortalt

Ber butikkane hjelpe med grønnsakssal

Slapt sal av landbruksvarer.

NPK
18.07.2022

(NPK). Salet av norske grønsaker er lågare enn produsentane har håpa på. No ber dei butikkane om å bidra.

Omsetninga av norsk sommarkål, kinakål, kålrot, poteter og tomatar for tida lågare enn produksjonen, melder Landbruksdirektoratet.

Ifølgje Nationen skriv direktoratet at butikkane kan gjere meir for å få fram dei ferskaste produkta.

– På grunn av ein noko lågare omsetnad enn planlagd, blir sommarkålen liggjande i butikkhyllene for lenge. Det fører til ein dårlegare kvalitet og enda lågare omsetnad. Produsentane stolar på at det blir rydda opp slik at det blir plass til fin og fersk norsk kål, held Landbruksdirektoratet fram.

Jordbærprisane held seg framleis høge på grunn av mindre tilgang enn det marknaden spør etter.

(©NPK)

Publisert: 18.07.2022 14:12

Sist oppdatert: 18.07.2022 14:13

Mer om