Larsnes mek verksted foto sparebanken vest
NY DOKKHALL: Investering i ny dokkhall er blant grepa som har gitt Larsnes Mek. Verksted i Sande-verftet meir å gjere og fleire bein å stå på. Foto: Sparebanken Vest
Kort fortalt

Ber inn til folkefest for ny dokkhall

Larsnes Mek. Verksted slår på stortromma.

21.05.2025

Komande helg ber Larsnes Mek. Verksted inn til stor feiring i den nye dokkhallen til verftet, ifølgje Vestlandsnytt

Fredag blir det konsert med bandet Vamp og laurdag blir det skipsdåp for Ro Vision. Brønnbåten har vore i drift sidan 2020, men ikkje vore døypt tidlegare. 

Etter dåpen er det ulike aktivitetar for store og små, mellom anna ulike kulturinnslag som blir avslutta med eit nummer frå Show de Vida-kompaniet.

Om kvelden er det lukka bankett for inviterte gjestar fråd ei tilsette, leverandørar og kundar i Larsneshallen. 

Publisert: 21.05.2025 10:41

Sist oppdatert: 21.05.2025 10:41

Mer om