Kort fortalt

Ber om karantene etter konkurs nr. 9

Meiner drivar må miste retten til å gjere forretningar.

06.12.2023

Bustyraren i konkurssaka for Takservice As ber om ny konkurskarantene for drivaren, skriv Møre-Nytt.

Eigar, dagleg leiar og styreleiar har vore involvert i heile åtte konkursar tidlegare. Etter den førre konkursen fekk vedkomande karantene – det vil seie forbod mot å drive forretningsverksemd – til februar 2022.

Mindre enn eit år etter karantenen gjekk ut, tok den ansvarlege over aksjane i Takservice-selskapet. Ørsta-firmaet gjekk konkurs i mai etter krav frå skatteetaten på kring 900.000 kroner.

– Også i denne saka er det som det framgår vesentlege restansar knytt til skatt og avgift i tillegg til at det er fremja betydelege lønskrav som gir grunnlag for innstilling om konkurskarantene, heiter det i sluttrapporten frå bustyrar Thore Heggen.

Publisert: 06.12.2023 17:04

Sist oppdatert: 06.12.2023 17:04

Mer om