Kort fortalt

Ber om pengar til rassikring

Stranda ber om hastemidlar.

05.02.2019
NPK-NTB: Stranda kommune ber om hastemidlar til å sikre den rasutsette strekninga langs Geirangerfjorden, etter fleire store skred i januar.
I helga var Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Geiranger for å snakke med innbyggarane om den usikre situasjonen.
– Eg har inntrykk av at folk er redde. Innbyggarane er vande til ras, men no går det ras også når det er godt vêr og vegen er open. Eg har ingen problem med å forstå uroa. Grandefonna er ein kjempestor trussel for liv og helse, ikkje berre for folk i Geiranger, men òg for folk som ferdast til Geiranger, seier Tryggestad til .
– Vi treng eit møte med statsråd Jon Georg Dale for å få ekstraordinære middel, slik vi ikkje hamnar i den berømte køen, seier Tryggestad.
Han får støtte av fylkesordførar Jon Aasen (Ap). Politikarane ser primært for seg ein rassikringstunnel på 600–700 meter nedanfor Grandefonna, der det har gått to store skred den siste tida.
Skredekspert Astor Furseth bekreftar at Geiranger er eit skredutsett område. På skredvarslingstenesta varsam.no har området for tida moderat skredfare.

Publisert: 05.02.2019 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36