Egget montasje illustrasjon Ovum versjon 2 havar haanes innfelt
HÅPAR PÅ REKORDAVTALE: Brimer-sjef Håvard Haanes krysser fingrane for at dei får leveransane til alle dei fem «Egga». Det vil i tilfelle vere tidendes største oppdrag. Foto: Ovum/Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordoppdrag gir tidenes ordrereserve

Leveranse til stor Hofseth-satsing bidreg til at Brimer har «all time high» aktivitet.

Marius Rosbach
31.01.2026

Investeringar i lukka anlegg for oppdrett gjer at fleire leverandørar til bransjen ser lysare på framtida. Jobben med å levere delar til Hofseth sine flytande anlegg basert på Egget-teknologien, er melom oppdraga som gjer at Brimer har historisk høg aktivitet. 

Om alt går slik Brimer-sjef Håvard Haanes håpar, får bedrifta oppdraget med alle de fem anlegga som skal settast i drift i Storfjorden i løpet av dei neste åra. 

– Alt ligg til rette for at vi skal sikre oss leveransane til heile denne serien, og det vil i tilfelle vere den suverent største ordren nokon gong for oss, seier Haanes til Nett No. 

Han understrekar at dei førebels berre har signert kontrakt på det første «Egget». Han legg til at dei har eit godt samarbeid med Hofseth, og at produksjonen til dei første elementa allereie er i gong.

Milliardinvestering for Hofseth
Investeringa til Hofseth i fem lukka anlegg i sjøen og oppgradering av bygg- og anlegg på land, utgjer om lag éin milliard kroner. Basen for det heile blir på Dyrkorn i Fjord kommune.

Går alt etter planen blir den første fisken frå dei nyskapande anlegga slakta sommaren 2027. Dei enorme «Egga» som skal i sjøen er basert på teknologien frå selskapet Ovum.

Daglig leder i Easy Form Christian Carlson viser forst del av stoypeformer 1
LAGAR FORMENE: Christian Carlson i Easy Form viser første del av støypeformene til Hofseth sine lukka anlegg som blir laga i Måløy. Etterpå blir dei frakta til Latvia, der delane blir produsert. Foto: Hofseth

For Brimer inneberer oppdraget å bygge store delar på opptil 10 ganger 30 meter.

Først lagar Easy Form ved Måløy støypeformene, som blir frakta til Brimer sine verksemder i Latvia. Her skjer sjølve produksjonen av komposittdelane.

Støyper store delar i Latvia
Håvard Haanes fortel at forma på elementa med sokalla dobbel krumming, gir ei ekstra utfordring – men at nettopp Easy Form sin teknologi er godt eigna til å løyse dette. 

– I Latvia støypast det vi kallar elementbitar i komposittmateriale. Deretter blir det frakta ut med båt til Norge, fortel han. 

Det er planlagt at «Egga» skal samanstillast ved Hjørungavåg i Hareid. Dei første delane kjem etter planen hit til sommaren. Deretter vil store delar av andre halvår gå med til å sette dei saman. 

– Det er ei slags Legobygging med veldig store klossar. Det er store tunge bitar som skal passe saman heilt nøyaktig, forklarar Haanes. 

Brimer Latvia Liepaja foto Marius
LATVIA: I den latviske kystbyen Liepaja har Brimer anlegg med stor kaiplass. I tillegg driv dei verksemd i innlandsbyen Saldus. Foto: Marius Rosbach

– Har aldri hatt ein slik ordrereserve
Allereie i fjor haust kunne Brimer-sjefen fortelje at omsetninga i 2025 ville ende på «all time high» - eitt år etter at nye eigarar overtok. 

Når rekneskapsåret 2025 er i ferd med å bli avslutta, kan Haanes også konstatere at overskotet nådde nye høgder. 

– Vi ser ut til å få det beste året både når det gjeld aktivitet og resultat for konsernet. Vi har aldri hatt ein slik ordrereserve som vi har no ved inngangen til eit nytt år, seier han.

Det gode resultatet gav rom for å gi bonus til dei tilsette før jul. Alle tilsette både i Norge og Latvia fekk same beløp, noko som blei godt motteke, ifølgje Haanes. 

Brimer Aquafarm Equipment foto Omni One
FLEIRE OPPDRETTSJOBBAR: Brimer har hatt fleire store oppdrag på lukka oppdrett, mellom anna med levering av store element i kompositt til to lukka merdar på oppdrag for Aquafarm Equipment. Foto: Omnione

Trur på Midt-Austen som vekstregion
Då Nett No snakkar med Brimer-sjefen er han i Saudi Arabia for å følgje opp ei levering til lukka oppdrett i sjø.

Haanes peiker på Midt-Austen som ein spennande marknad – som dei ikkje har vore i tidlegare. 

– Vi har tilsett ein person som skal jobbe frå Abu Dhabi og dekke regionen. Vi har sett at det er eit veldig behov for material som ikkje rustar, ikkje minst gjeld det til oppdrag for olje- og gassinstallasjonar på havbotnen, fortel han. 

Brimer Hoydebasseng montasje Havard haanes foto Brimer Marius
VEKSTMARKNAD: Høgdebasseng til norske kommunar, som på bilde i Frøya kommune, har også vore mellom vekstmarknadene for Håvard Haanes og dei andre i Brimer. Foto: Brimer/Marius Rosbach

Søker etter fleire tilsette
Brimer-konsernet består av Brimer As med fabrikk på Kvamsøya, Brimer Horizon i Sandvika og to selskap i Latvia. 

Den auka aktiviteten gjer at dei no er ute etter fleire folk ved avdelingane i Norge. For augneblinken søker dei både etter sals- og marknadssjef, assisterande produksjonssjef, seljar og ingeniørar. 

– Vi har teke veksten stegvis og bygd stein på stein, samtidig har vi kjøpt eit par selskap dei siste åra. No er vi kome til eit nytt trappetrinn, seier Haanes om utviklinga.

Publisert: 31.01.2026 05:00

Sist oppdatert: 30.01.2026 13:51

Mer om