(NPK) Fjord-Norge er representert med 17 bedrifter og 35 ulike produsentar på messa. Seks kokkar er i messeperioden i sving på standen, og har som oppgåve å setje saman smakfulle kombinasjonar av råvarene som er med frå Fjord-Norge.
Nytt i år er filet av Vestlandsk fjordfe som er den opphavlege kurasen på Vestlandet. I Berlin vert kjøtet selt som «Rind aus West-Norwegen» med stor suksess. Elgpølser og hjortekarbonder kombinert med dei lokalproduserte ølsortane Mørk Suldøl og Glad Laks frå Mo laksegard fell også i smak hos det tyske publikummet. Ølprodusenten har vore i kontakt med ein polsk og ein tysk agent som er interessert i å importere ølet som no servert på Grüne Woche.
– Dei tyske gjestene som besøkjer Fjord-Norge er også veldig interesserte i molter og blåbær. Eplemost er også ein salssuksess som vi er i ferd med å gå tomme for, seier Kari Birgitte Melvær Wiig, regionkontakt for Fjord-Norge i ei pressemelding. (©NPK) npk@npk.no

Publisert: 22.01.2014 15:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22