(NPK-NTB): 98 mistankar om økonomiske lovbrot har hamna i skuffen.
Av dei 15 sakene som er igangsett, handlar fire om miljøkrim og 11 er økonomisaker, skriv
– Vi skulle gjerne tatt inn dobbelt så mange saker, men har ikkje kapasitet, seier Økokrim-sjef Trond Eirik Schea. Til DN i vår anslo han at tre av fire økonomisk kriminelle storfiskar går fri.
Etter sommaren har nesten alle nye meldingar til Økokrim hamna i skuffen.Schea seier at det ikkje ligg an til at Økokrim kan ta fleire saker neste år enn dei har gjort i år.
– Vi har ikkje fått budsjettet for 2016 enno, men eg legg ikkje opp til nokon auke neste år. Tvert imot, seier Schea.
Økokrim har færre årsverk no enn for fem år sidan. Allereie i mars vart det kutta i overtid, reiser og internasjonal bistand, skriv Dagens Næringsliv.
Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i Justisdepartementet er usikker på om fleire årsverk til Økokrim er vegen å gå for å ta og avsløre fleire som driv økonomisk kriminalitet.
– Det viktigaste vi kan gjere er å få politidistrikta til å ta tak i den største mengda av saker som omhandlar økonomisk kriminalitet. Men det krev større tyngde og meir spesialkompetanse der ute. I dag kan sjukdom i små politidistrikt velte ei stor sak, og slik kan vi ikkje ha det i framtida, seier han.

Publisert: 14.12.2015 10:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49