Kort fortalt

Berre Oslo under Ålesund

Lågast vekst i bustadprisane.

Marius Rosbach
05.01.2022

Berre Oslo hadde dårlegare prisvekst i bustadmarknaden, enn Ålesund og omegn i fjor. Det går fram av den ferske bustadprisstatistikken frå Eiendom Norge.

Statistikken viser prisauke for bruktbustader for på 2,2 prosent i Oslo og 3,7 prosent for Ålesund-området.

Landssnittet for fjoråret vart på 5,2 prosent.

Sterkast prisvekst i 2021 hadde Bodø/m Fauske med en oppgang på 13,3 prosent, følgt av Kristiansand med 9 prosent og Trondheim med 8,7 prosent.

Prisane i desember sank med 1,3 prosent i desember, men det er aldri selt fleire bustader her til lands i årets siste månad.

I desember gjekk det raskast å selje bustad i Bodø-området, med 25 dagar i gjennomsnittleg salstid - og tregast i Ålesund med 97 dagar.

Publisert: 05.01.2022 12:26

Sist oppdatert: 05.01.2022 12:28

Mer om