Kort fortalt

– Berre turistmagnetane bør krevje turistskatt

Er kritisk til nasjonal turistskatt.

04.09.2017
NPK: Turistboomen over heile landet i sommar har ført til mykje forsøpling. Mange har teke til orde for turistskatt for å finansiere opprydding. Reiselivsgiganten Fjord Norge meiner dette berre bør gjennomførast der turistpresset er størst.
Dette skriv
– Dei reisemåla i landet som har eit stort turisttrykk og treng inntekter til toalett- og søppelhandtering, kan finna nye inntektsmodellar som kan betala for desse fellesgoda, seier Kristian Jørgensen i Fjord Norge, den store reiselivsorganisasjonen på Vestlandet, til NRK.
Fleire har peikt på ein nasjonal turistskatt som løysinga på søppel- og toalettproblema, men regjeringa og NHO Reiseliv har sagt nei.
Fjord Norge-direktøren var lenge for nasjonal turistskatt, men no har han endra meining: Berre kommunar med ekstra stort turisttrykk bør krevja betaling frå reisande som brukar til dømes toalett og parkeringsplassar.

Publisert: 04.09.2017 17:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41