
Beste året sidan offshoreboomen
Opptur for Mare Safety i fjor.
Ulstein-selskapet Mare Safety hadde ein solid opptur i fjor med auka inntekter og overskot.
Omsetninga steig til 111 millionar i fjor. Det er ei auka på nær 40 prosent samanlikna med året før – og dei høgaste inntektene sidan offshoreboomen kring 2014-15.
Også lønnsemda betra seg betydeleg, samanlikna med dei siste åra. Eit resultat før skatt på meir enn tre millionar, har ikkje båt- og byssebyggarane hatt sidan 2014 (sjå tabell under).
Mare Safety melde i fjor om stor aktivitet og full produksjon ved lokala sine på Osnes. Knappe 60 prosent av omsetninga kom i fjor frå sal av mobbåtar, medan resten kom frå sal av bysser og reservedelar, ifølgje årsmeldinga. Drygt 70 prosent av omsetninga kom frå norske leverandørar.
Mare Safety hadde 21 årsverk i arbeid i 2023. Eigenkapitalen ved på 11,2 millionar kroner ved utløpet av fjoråret, og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld.
Mare Safety As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 111,2 | 80 |
Driftresultat | 3,8 | 0,7 |
Resultat før skatt | 3,1 | 0,3 |
Publisert: 12.08.2024 12:39
Sist oppdatert: 12.08.2024 12:47