Olympic boreas bru foto Ulstein Group
BRUA: Slik ser det ut for dei som manøvrerer Olympic Boreas frå brua. Laurdag blir det høve for dei som vil å kome om bord. Foto: Ulstein Group
Nytt

Inviterer om bord på nytt flaggskip

Er samanlikna med ein firehjulstrekkar på vinterføre. Om bord er det bibliotek, spelerom og mykje utstyr frå lokale bedrifter.

Marius Rosbach
27.07.2024

Sjå bildeserie frå skipet under

Laurdag ettermiddag er det klart for dåp av Olympic-reiarlaget sitt nye skip Olympic Boreas i Fosnavåg.

Etterpå er det ope skip for dei som vil ta ein nærare titt på fartøyet som er skreddarsydd for vindkraftmarknaden.

Olympic-reiarlaget opplyser i ei melding på førehand at dei har opplevd stor interesse frå nye og eksisterande kundar for skipet. No ser dei fram til å sette skipet i operasjon.

Olympic boreas foto Ulstein Group
KONSTRUKSJONSSKIP FOR VINDKRAFT: Olympic Boreas er skreddarsydd for vindkraftindustrien og kan mellom anna gå inntil turbinar og andre installasjonar for å sette av personar ved hjelp av ein avansert gangveg. Foto:

Første av to skip
Olympic Boreas er spesielt på fleire vis. Skipet blir omtala som konstruksjonsstøttefartøy for vindkraftindustrien. Fartøyet er det første av to skreddersydde vindskip reiarlaget får som er bygd og designa av Ulstein-konsernet.

Skipa er også dei første som skipsbyggjarkonsernet sjølv bygger med Ulstein Group sin Twin X-Stern-løysing. Det betyr at dei har propellar for hovudframdrift både framme og akter.

Enklare å halde skipet i ro
Med fire hovudpropellar kan mannskapet mellom anna enklare halde skipet i ro når dei skal overføre personell til installasjonar til havs.

– Vi samanliknar det med eit firehjul-system på ein bil. Alle veit at du kjem lettare opp ein bakke med ein firehjulstrekkar. Her gjer vi noko av det same med desse fartøya, fortalde skipsdesignar Åsmund Eide frå Ulstein Design & Solutions då skroget kom til verftet.

Den gong var skroget det første som kom til verftet på to år. Reiarlaget har også eit tilsvarande skip under bygging som skal leverast.

Ulstein Verft gruppebilde Olympic Boreas foto Marius 11
VIKTIG KONTRAKT: Det var stor glede då skroget kom til Ulstein verft, som det første på to år. Her er tilsette frå Ulstein og Olympic-reiarlaget samla. Foto: Marius Rosbach

Nominert til Årets Skip
I ei pressemelding torsdag opplyser Ulstein Group at skipet er overlevert og klar til operasjonar. Olympic Boreas har installert heistårn og gangveg, og har plass til 126 personar, alle i lugarar med dagslys.

Innreiinga inkluderer mellom anna bibliotek kinosal, to spelerom og treningsrom for å gjere skipet til ein «heim-borte-frå-heimen», heiter det i meldinga.

Om bord er det utstyr frå ein rekke lokale leverandører frå den maritime klynga, som Kongsberg Maritime, Motus Technology, Acel og Mare Safety.

Skipet er nominert til Årets Skip.

Sjå bilde frå skipet (alle foto Ulstein Group)

Olympic boreas kapteinslugar foto Ulstein Group
KAPTEINSLUGAREN
Olympic boreas bibliotek foto Ulstein Group
BIBLIOTEK
Olympic boreas bysse foto Ulstein Group
BYSSE
Olympic boreas gamingrom foto Ulstein Group
SPELEROM
Olympic boreas kino foto Ulstein Group
KINO
Olympic boreas lager foto Ulstein Group
LAGRINGSPLASS
Olympic boreas mannskapskontor foto Ulstein Group
MANNSKAPSKONTOR

Publisert: 27.07.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.12.2024 21:53

Mer om